fredag 30. mars 2012

Avduking av Åsa


I påskeveka samlas me til ein hyggeleg minidugnad skjærtorsdag, 5. april.
Presenningar og stilas skal bort, og den fagre Åsa skal atter åpenberre sine frodige former.
Har me mannskap nok, vil me og gjera noko forberedande arbeid med tanke på den komande stordugnaden (14-15.april). Det kan være å høgtrykksspyle, ta opp lemmer, og få ut rot frå botn av skipet.
Dugnaden byrjar kl. 10.00. Ta med niste, så et me i 12-tida.
Om me ikkje er ferdige før, så avsluttar me ca 15-16.00.
Veldig fint om du sender meg, eller skipsvaktar Kjell Ivar Schia, ein beskjed om at du kjem.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar