onsdag 15. februar 2012

Vikingutrustning I


Vær helsa!!
Me ventar enno på ei skikkeleg avklaring med omsyn til kor mange plassar me fær på Englands-seilasen. Slik eg har oppfatta det, er det springande punktet om Gaia skal innom Brest fyrst, og om UIO kan ha med fylgjeskip eller ei. Medan Gaia-laget og UIO jobbar med å få til ei avklaring, vil me i Olavs Menn no gå seriøst i gang med å få utrusta kvar enkelt viking blant oss. Som tidlegare annonsert ynskjer me å halde eit "Våpen-ting", der det vil bli halde orientering om kles- og utstyrskrav og anbefalingar. Datoen for dette er ikkje fastsett, men det vil bli ei helg i nær framtid. I utgangspunktet vil dette arrangementet ha møteplikt for alle som ynskjer å vera med på vikingskipet Åsa, eller Gaia i framtida. Inntil me har kome fram til ei egna tid og stad, oppmodar eg dykk til å studere denne web-sida (sjå særleg på underpunkta Clothing + Viking Age Arms and Armor).
http://www.hurstwic.org/history/text/history.htm

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar